Eit pressehistorisk vendepunkt

Alt tidleg såg sommaren 2011 ut til å bli eit pressehistorisk vendepunkt. I Storbritannia blei avisa News of the World lagd ned og redaktørar fengsla etter avsløringar om avlytting og korrupsjon. Ikkje berre gjekk leidetrådane i saka langt inn i regjeringa og resten av det politiske establishment. Skandale etter skandale trua også med å velta News International, dotterselskap i eit av verdas største medieimperium – Rupert Murdochs selskap News Corporation. Dette skulle denne leiaren ha handla om. Så kom 22. juli.

Bomba i regjeringskvartalet og massakren på Utøya utfordra norske pressefolk med grusomheit og med skakande vitnemål frå dei som var råka av tragediane. Nyheitssuget var intenst. Samtidig kravde alle reportasjar og all redigering ei ny varsemd, anten dei berørte hadde mist nære, overlevde, var frivillige hjelparar eller tilsette i hjelpeapparatet. I møtet med så stor fortviling, med bearbeiding og blomehav, har ryggmargsrefleksane også i etablerte media fleire gonger vist seg unyttige, umusikalske, ja, i enkelte tilfelle rett og slett støytande og skadelege for menneske i djup sorg.

I dette ljoset kan endringane vi elles fortel om i dette nummeret av Pressehistorisk tidsskrift synast små, men dei skapte skule. Landets første TV-kronikør og -anmeldar Sverre Evensen insisterte på at fjernsyn var kulturuttrykk, ikkje berre underhaldning. Henrik G. Bastiansen presenterer hans pionerjournalistikk. Eit «forbilde for seinere avishistorier» skreiv Dagbladets Gudleiv Forr då Birgitte Kjos Fonn si bok «Orientering. Rebellenes avis» kom ut i vår. I artikkelen om DU-journalistikken i Orientering gjev Kjos Fonn oss innblikk i meir av grunnlagsmaterialet for boka, og innsikt i bakgrunnen for også denne journalistiske nyskapinga.