Bokanmeldelse: “Fra Pax til Paven”

Bokanmeldelse:

-Han gjekk seg vill i David Irving-saka. Men minneboka til Hans Fredrik Dahl, «fra pax til paven», er den beste sakprosaboka eg har lese på svært lenge. Det skrev Olav Kobbeltveit, da kommentator i Bergens Tidende og styremedlem i Norsk Pressehistorisk Forening, i sin anmeldelse av selvbiografien til Hans Fredrik Dahl, “Fra Pax til Paven”. Anmeldelsen sto på trykk i Bergens Tidende 14. september 2012.

David Irving er ein britisk sjarlatan og holocaustfornektar. Historikar også, men altså totalt upåliteleg. Vi har rettens ord for at han er både rasist og nazist.

Denne mannen skulle øydeleggja mykje for Hans Fredrik Dahl. Men det var etter at Dahl hadde skrytt opp Irving som «den fremste kildekritiker innen nasjonalsosialismens historie». Det måtte bli ballade.

Det vart det. Historikarkollega Odd-Bjørn Fure ved Universitetet i Bergen tok opp kampen. Ikkje berre mot Hans Fredrik Dahl, men mot det han oppfatta som eit feigt og unnfallande historielaug, der ingen hadde mot til å stå opp og snakka den villfarne Dahl til rette.

Fure tok oppgåva sjølv. Han skreiv i 1997 pamfletten «Kampen mot glemselen». Det var eit nådelaust og brutalt oppgjer med både Hans Fredrik Dahl og David Irving – og altså med eit norsk historikarmiljø som ikkje stod opp for det som var sant og rett.

I kjølvatnet av pamfletten møttest Fure og Dahl til hissige debattar – i Oslo, Bergen og Trondheim. Auditoria var overfylte. Dahl skriv i boka si at «Motsetningene blei ikke mildnet i diskusjonene, tvert imot». Nei, og det hadde samanheng med at Dahl hadde så vanskeleg for å fira på sine nokså sære standpunkt. Det gjorde Fure endå meir forbanna.

Fure fekk hjelp frå USA. Den amerikanske historikaren Deborah Lipstadt gav ut ei bok som framheldt Irving som holocaustfornektar og historieforfalskar. Irving svara med injuriesøksmål. Den 11. april 2000 fall dommen i High Court of Justice i London. Dommen vart, skriv Dahl, «en pinlig forestilling for alle oss som hadde forsvart Irving mot presumptivt urimelige angrep i årene forut».
Det er eit understatement. For dommen var knusande, og Irving tapte på alle punkt. Han var ein løgnar og manipulator. Dommen kasta skuggar tvers over heile Nordsjøen og langt inn i Dahls professorale kontor.

Korleis kunne den røynde historikaren Dahl ta så «fasigen fel»? Det mangla ikkje på åtvaringar. Var han for stor – og sta – til å bøya av?

I minneboka si gjer Hans Fredrik Dahl eit forsøk på å gje oss gode grunnar til at han skreiv som han gjorde. Det svart-kvite skulle nyanserast. Nazismen var ikkje så eintydig eit sivilisasjonssamanbrot som Fure ville ha det til. Og forresten var det andre historikarar – såvel britiske som amerikanske – som også skreiv positive meldingar av Irvings bøker.

Forsøket ber ikkje heilt inn. Det verkar som om Dahl erkjenner dette medan han skriv. Under ein historikarkongress i Sverige sommaren 2001 høyrde han eit foredrag av historikaren Richard J. Evans, som vitna i prosessen mot Irving. Det avgjorde saka. Den 13. juli 2001 gjorde Hans Fredrik Dahl offentleg orsaking på Dagbladets 3. side, under tittelen «Så feil kan man ta». David Irving hadde vore avkledd lenge. No såg Dahl det også.

Historikarstriden mellom Dahl og Fure er berre eitt av fleire høgdepunkt i minneboka til Hans Fredrik Dahl. Han hugsar krigen og tyskarane, for han er fødd i 1939, og det er jøssingtru og nazimotstand som dominerer det miljøet han vart fødd inn i. Eit miljø som inkluderer Husebygrenda, med alle Bull’ane og Waal’ane og Elster’ane og kva dei no heitte, og som må vera det næraste vi kjem eit akademisk adelskap her til lands.

For eit springbrett! Mot dette bakteppet kjem sutringa på side 49 – «Selv var jeg blant dem som blei stående utenfor», («Slottet, Stortinget og regjeringskontorene var for de andre») – i eit nokså underleg lys.

For Hans Fredrik Dahl har fått vera med på så mykje. Det var krigen i Noreg i 1940-45 som skulle bli hans store sak, okkupasjon og fascisme, kringkastingas krigshistorie – og på toppen vart han Quislings biograf.

Forsøket på å vurdera dei landssvikdømde med nye augo, var ei utfordring. Han kom på kant med alle krigarane på «den rette sida». Dei har enno våpenføre menn parat. Men han tilførte krigssoga nye perspektiv, det skal han ha, også frå sin skrivepult i Dagbladet, der Arve Solstad gav han frie hender.

Solstad visste kva han gjorde. Kvar gong Dahl stakk handa inn i vepsebolet, kom Dagbladet i sentrum for det offentlege ordskiftet. Det var der det skulle vera.

Hans Fredrik Dahl skriv om sjukdom og død i nær familie, om hjerneslaget som råka han i 2006, om perioden i koma – og om kampen tilbake til livet og arbeidslivet. Det førte den gamle raddisen inn i katolisismen, og det er naturlegvis ei forunderleg historie. For det er eit stykke veg frå Pax til paven.

Den gamle rebellen skriv i dag at han er tilhengjar av at kvinner – på sikt – bør kunna bli diakonar eller prestar. Faderleg mildt legg han til: «Men det vil ta tid, og vi har denne tid».

Han hadde det travlare før. Men heile sveipet over 70 års norsk historie – frå det personlege til det allmenne, oppturar og nederlag – er gjort på meisterleg vis, med skildringar haldne i ein vedunderleg prosa. Dei som vil lesa om viktige hendingar i nyare norsk soge, kan trygt satsa på Hans Fredrik Dahl.