I Mediehistorisk Tidsskrift nr. 2/2017, ”Den russiske revolusjon og norsk presse”, stelte HiOA-professor Roy Krøvel som gjesteredaktør for ei røynd samling forfattarar. Utfordrende og lærerikt, fortel han.
”Det er no 100 år sidan revolusjonære styrkar tok kontrollen over det russiske statsapparatet (den 7. november 1917). Aftenposten melde dagen etter at Petrograd no var i «maksimalistenes hænder».”
Slik innleiar Roy Krøvel tidsskriftet kor han sjølv var gjesteredaktør og forfattar.
– Kvifor sa du ja til å vere gjesteredaktør?
– Det er svært lærerikt å vere gjesteredaktør, både i arbeidet for å få tak i potensielle bidragsytarar, og i arbeidet med artiklane. I dette tilfellet var det ei svært røynd samling forfattarar, så arbeidet kan neppe kallast “hardt”…men samstundes er det ei utfordring å gi meiningsfulle innspel til forfattarar med så lang røynsle, fortel han.
Krøvel er utdanna historikar, så mediehistoria står sterkt.
– Sjølv er eg spesielt interessert i historia til journalistikken, eller kanskje aller mest historia til journalistane. Historia kan vere med på å fortelje oss korleis ting har vorte slik som dei er. Men aller mest fortel historia oss om kor mange måtar det finst å vere til på.
– Har du ei sak du vil anbefale frå nummeret?
– Som redaktør vil eg helst sleppe å trekke fram enkelte framfor andre.
I mars skal Mediehistorisk Forening igjen ha eit seminar kvar artiklar blir lagt fram og seinare publisert i tidsskriftet, som i tidsskriftet om den russiske revolusjon og norsk presse.
–Kva synes du om denne arbeidsmetoden?
– Det er ei fin metode fordi forfattarane får høve til å diskutere utkast med fleire andre før artikkelen blir sendt inn til ordinær fagfellevurdering. På den eine sida er det godt å måtte formulere seg presist og forklare seg tydelig på eit seminar – det er allereie ei god hjelp i skrivearbeidet. På den andre sida er det fint å få innspel tidleg i prosessen, medan det enno er tid til å gjere substansielle endringar – dersom det trengs.
Les Mediehistorisk Tidsskrift nr. 2/2017, ”Den russiske revolusjon og norsk presse”.
Roy Krøvel si sak er også publisert på Morgenbladet sin portal. Den kan lesast her.