Gjev ut biografi om Amanda Cecilia Olsen

Gjev ut biografi om Amanda Cecilia Olsen

Olsen kom til Ålesund i 1917. Ho, Caro Olden og Ragnhild Hval var dei første kvinnelege journalistane i historia til byen. Alle tre arbeidde i den då nystarta Aalesunds Avis, skriv historikar og skribent Aud Farstad, som no har utgjeve bok om Amanda Cecilia Olsen, betre kjend under pseudonymet ACO.

ACO arbeidde ikkje meir enn eitt år i Aalesunds Avis før ho byrja i Sunnmørsposten, der ho vart den mest produktive journalisten som Sunnmørsposten har hatt nokon gong, skriv Farstad.

– Eg snubla over så mange av ACOs intervju og reportasjar då eg arbeidde med eit anna prosjekt og difor las gamle aviser på mikrofilm. Eg syntest dette var altfor godt og interessant stoff til at det berre skulle ligge i gamle aviser som nesten ingen lenger les, fortel Farstad.

Amanda – jounralist og pioner” heiter boka som ble utgitt på Sunnmørsposten forlag den 1. november. Farstad trekk fram kor mykje Olsen hadde produsert gjennom femti års tilknyting til Sunnmørsposten.

– Ho var utruleg produktiv, likevel kom ho i skuggen, sei Farstad, som fortel at Caro Olden vart ein framståande journalist for avisa si Dagbladet, medan Ragnhild Hval vart det same for si avis Nationen.

Historikaren trur at grunnen til at ACO vart verande i Ålesund var at ho fekk plass i ei avis som hadde eit meir solid økonomisk fundament enn det Aalesunds Avis hadde, der ho byrja i 1917.

–Men heilt sikkert kan eg ikkje vite dette, for eg har ikkje funne eit einaste brev eller personleg notat etter henne.

– Heller ikkje veit vi kva ho meinte om å vere åleine kvinne i avisa. Særleg i byrjinga vart ho sett til det same arbeidet som dei mannlege journalistane, men etter kvart som det var ho som fekk ansvaret for Spinnesiden (frå 1928) så vart «kvinnestoffet» hennar. Eg veit ikkje om ho hadde noko i mot det. Ho fekk ei nisje som var heilt hennar. Ein kan meine kva ein vil om slik kjønnsinndeling i dag, men faktum er at ho nettopp gjennom arbeidet med kvinnesida – dette at ho måtte fylle den ein gong i veka – har skrive utruleg verdifull historie om dei som det vart skrive aller minst om i avisene – livet til vanlege kvinner.

Farstad fortel at det ho først og framst fann fantastisk var nett dei mange intervjua ACO gjorde med «vanlege» menneske.

–Det er noko vi nesten aldri ser i avisene no for tida. Særleg gjaldt dette kvinner. Sidan eg har arbeidd med sosial- og kvinnehistorie storparten av livet mitt såg eg at ACO hadde skrive verdfull kvinnehistorie for landsdelen lenge før nokon andre gjorde det, seier Farstad.

Jernbanekomiteen på synfaring i 1920. Framme midt i biletet, som einaste kvinne, Aco. (Foto er utlånt av Borge Otterlei)

Jernbanekomiteen på synfaring i 1920. Framme midt i biletet, som einaste kvinne, ACO. (Foto er utlånt av Borge Otterlei)

Hun så stoff i alt, skrev om gulrotprisen på torget, intervjuet Roald Amundsen og hadde audiens hos Paven i Roma. Intet var henne for smått, intet for stort – og intet var henne fremmed. Hun behersket nær sagt enhver situasjon … På sunnmørsbygdene gjorde hun et journalistisk nybrottsarbeid som ingen hverken før eller siden har gjort henne etter. Hun besøkte bygd etter bygd. Fant fram til hverdagsmenneskene, til sliterne. Fortalte levende og interessant om deres sorger og gleder. Om arbeidet på gårdene, i fjøs og stall. Om kampen om hvert eneste grasstrå. Om store barneflokker og store husholdninger. Men hun fant også åpne sanser og sinn for åndelige og kulturelle verdier – for tradisjoner og nye impulser. Alt dette fikk hun trukket fram i dagen og lyset. Hun åpnet og brettet ut den sunnmørske hverdag for sine lesere.

– Skrive av ACOs kollega Anton Iversen