Mye mer enn Akersgata: Norsk pressestruktur 1945–2009

Ved utgangen av 2008 kom det ut 228 ulike aviser i Noreg, og like mange var det året før. Dette var det høgaste talet sidan krigen. Den gamle toppnoteringa var 227 aviser i 1952 og nivået er likt nå, men avismønsteret har endra seg. Berre litt over halvparten av avisene frå 1952 finst i dag. Norsk presse har i etterkrigstida sett avisdød, men også mange nyetableringar. I dette nummeret av Pressehistoriske skrifter presenterer vi Sigurd Høsts omfattande gransking av endringane i norsk pressestruktur frå freden kom og fram til i dag. Høst fortel om A-pressa som reiser seg att og storaviser som veks i gjenoppbyggingsåra. Om den første perioden med avisdød og konsentrasjon frå 1950-talet. Om laussalsavisene som blir våre første riksaviser. Om det nye mønsteret som veks fram frå 1970. Om nye trykketeknikkar, auken i avisforbruket og så om dei siste tiåras stagnasjon og tilbakegang – i deler av avisfeltet. Nytt i Høsts forsking er at han synleggjer differensieringa mellom dei sentrale og dei meir perifere avismarknadene. I dag er det mykje merksemd omkring fallet i storavisers opplag, men at vi har fått ei heil rad med godt levedyktige nykommarar blir det snakka mindre om. Framstillinga er basert på datamaterialet som Høst har arbeidd med å byggja opp sidan 1990 og omfattar alle avisene i Noreg. «Mye mer enn Akersgata. Norsk pressestruktur 1945–2009» er eit av dei mange forskingsbidraga til verket «Norsk presses historie» som kjem ut i 2010.

Presseminna er denne gongen skrivne av ein norsk journalistikkpioner. Yngvar Holm fortel om ein journalistkarriere som spenner frå nattredaktør til jazzimpressario og dekker samme periode i norsk presse som Sigurd Høst undersøker.