Albert Joleik – bladstyrar i brytningstid

Innhold i Pressehistoriske skrifter nr 4 2005

Den fargerike bladmannen Albert Joleik (1880 -1968) er hovudpersonen i dette nummeret av Pressehistoriske skrifter. Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid er skriven av barnebarnet Norhild Joleik. Ei kasse full av private brev er blant det unike kjeldematriale ho brukar i analysen av Albert Joleik si redaktørrolle. I 1911 starta han avisa Spegjelen i Trondheim, eit tiltak han dreiv ut 1913. Ti år seinare skipa han Fjordaposten i Bergen. Ved sidan av avisdrifta var han også aktiv i Norsk Bladmannalag, ei presseforeining for nynorsk presse som han var med og grunnla i 1913.

Albert Joleik var svært aktiv i målpressa i tida mellom 1911 og 1940, og forma ein samansett og på same tid særprega yrkesidentitet. Norhild Joleik legg vekt på samspelet mellom individuelle handlingar og samfunnshistoriske prosessar som avgjerande for korleis yrkesrolla tok form. Rolleutøvinga vert sett i samanheng med trekk ved nynorsk motkultur og profesjonaliseringa av presseyrket. Norhild Joleik (f. 1978) er medievitar og Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid byggjer på hennar hovudoppgåve i medievitskap (2004).

Presseklippet er denne gongen ein kritisk referatkommentar frå 1933. Trass i manglande retoriske evner, blei politikaren som artikkelen omhandlar eit kjent namn, også langt utover landets grenser. I serien av presseminner, møter vi Berit Vikdal Jensen og Rolf Kluge som gjev oss dømer på dei mange slumpetreffa som ofte leiar inn i ei lang journalistisk karriere. Fredrik Koch bidreg med ei historie om Firdanytt, som var ei av fleire døgnfluge-aviser på 1950-talet. I 1901 blei Manny Altern landets fjerde kvinnelege avisredaktør då ho overtok redaktørkrakken i Porsgrunds Tidende. Altern fekk ein journalistkarriere som strekte seg heilt fram til 1961, og Pressehistoriske skrifter innleiar ein serie presseprofilar med ein omtale av henne.